My World.....

- Velkomen til eit innblikk i livet mitt-

13 september 2006

3c er stadig på farten..No var det villsau"jakt" på Møgster (ei øy langt ute i Austevoll) som stod for tur... helga var 8.-10. sept. Fredag morgon pakka me spente i minibussen, og gledde oss til ei spennande helg, med villsaufanging:) Vel framme i Austevoll, fekk me transport frå far til Christoffer over til Møgster..som viste seg å vera langt ute i gokk! :) Her fekk me servert ferske pizzabollar, snop og saft. Snakk om service! :)Me hadde sett for oss å bu i eit naust...men naust på Møgster viste seg å vera eit HUS. Det var ikkje snakk om å sova på flatseng,nei (eller nokon få måtte det òg)her var det over 16 sengeplassar+ sofaar. I stofa var det laaaangbord, plass til heile gjengen! Supert! Vel "innsjekka" bar det vidare på sauejakt. Stakkars sauene ante nok ikkje at ein heil sverm kom og "innvaderte" øya deiras og at me skulle koma å fanga dei, og for dei 5 (som me slakta) at dette var deira siste levedag. Det første me skulle gjera var å få instruksjon frå dei lokale sauebøndene, om korleis dette skulle gjerast. Var ikkje tilfeldig kor me skulle gøyma oss.. Nokon måtte springa rundt øya for å få med flokken, medan andre satt i skråningen der sauene kom over, og dei siste satt vakt med sjøen. For det har seg sånn at slike villsauer druknar viss dei er for lenge i vatnet pga. dei er så tunge i ulla. Når me så fekk fanga dei, fekk me dei inn i innhenginga.... DEr dei skulle merkast og få vaksine, for så å sleppast ut igjen. Etter eit par timar var det gjort. Då bar det tilbake til naustet, der me fyrte i gong middag. Menyen var kylling og ris. Etterpå var det duka for sosiale tiltak... fisking,kortspel og ikkje misnt slakting....... kor detaljert eg ska gå inn på dette? forsettelse og bilete kjem....

1 Comments:

  • At 2:53 p.m., Blogger Johanne Pauline said…

    hei!! eg e litt sein med kommentere..men eg må bare si at eg har og blitt en krusser!! ganske få her som e det..men EG skal! viktig å stå imot strømmen;)og konge med "gratis" strykemerker då;)

     

Legg inn en kommentar

<< Home