My World.....

- Velkomen til eit innblikk i livet mitt-

17 august 2006

TOPPTUR til Nuten - ein av bygdas høgaste toppar


Sola skein, temperaturen var perfekt, sekken var pakka, og alt var klart for sommarens beste og finaste øvenattingstur 1028 moh.:)

Det begynte med at Beate måtte på friluftsliv tur i forbindelse med Terje (læraren) sitt prøveprosjekt....så eg spurte mine gode venninner, Aina og Solgunn om dei ville vera med. Aina måtte jobba,men Solgunn var glatt med...

Torsdag morgon ca. kl 11.00 var Beate klar for å ta fatt på etappeturen. Då var 1.etappe opp til Rotnabu (hytto vår) for å henta ein fjellduk som eg skulle ha med meg vidare og for å besøka bestemor og bestefar der:) bading i elva var òg eit "musst" før eg tusla vidare på min 2.etape ,over stølane der eg til slutt skulle møta solgunn på deirans hytta. Klokka var sånn ca.15.00 når me var framme der. Me fann ut at det var litt for varmt å gå oppover medan sola steikte, så me slappa av på Snøfedne sel og laga oss middag før me byrja på turen oppøve (mikn 3.etappe)Klokka vart 18.00 før me klarte å summa oss til å gå. Det første me møttenår me kom ut døra var regndråpar! ÅNEI, tenkte me...skulle detta ødlegga turen vår? Men neidå, regnet gav seg, og glae var me:) Turen opp gjekk med til prating, latter og smil til kameraet:) (eit krav for turen var å ha med bilder) så det blei det mykje av! Nokre pausar måtte til der me "fornya" energien med saftig melkesjokolade og godt fjellvatn. Da gjorde susen;) Omsider kunne me skimta "steinpartiet". Då visste me at toppen var snart nådd. Etter tre timar nådde me toppen, som skulle vera vår sovestad d neste døgnet:) det første me gjorde var å finna fram varme kle (var ikkje samme temperaturen her oppe,nei) og stormkjøkenet for å koka oss "rett i koppen" kakao. Beste koppen ever! Medan me satt der og nytte kakaoen kom VERDAS FINASTE solnedgong til syne på himmelen, over Vesolda (den høgaste toppen). Fantastisk syn for auga! Me e verkeleg priviligerte, som for bu her i eit so flott land, og ikkje minst bygd:o)Det var verkeleg ein opplevelse me ikkkje vil gløyma! Etter og ha ringt heim, for å få dei til å kikra på oss, og me vinka...var det neste og finna seg ein go og lun sovestad....... Me berre låg der inntulla i soveposane våre og stirra opp på skyene *i draumeland* . Me kunne òg skimta stjernene på himmelen. Me hadde det rett og slett: HEILT HIMMELSK! Ubeskriveleg! Me hadde vekkerklokka på kl. 2, for å vera våken og sjå på soloppgangen, men ut på natta kom skyene, og regndråpar kom og gjekk. Så det blei ikj noko soloppgang:( Men ikkje så gale at me vende heim igjen med det første,nei. Eg sov, men Solgunn hadde visst våkna regnet:) ikkje før klokka var 5 våkna eg. Då var da mildt sagt stiv kuling!!! og når klokka nerma seg 7, fann me ut at no var det på tide å snu nasene heimover..... Me brukte ikkje lange tida ned, var som om vinden blas oss ned:) Me kom tilbake til "friluftslivturen-06 basen vår", selet til Solgunn. Etter bading i elva med kyra, la me oss glade og utsletne på hemsen for å sova litt meir:).... Når me våkna kl 13.00, var det som om det heile var ein draum....turen var over for denne gong:( men det var ein ein sann og opplevelsesrik draum, som vil leva i våre hjarte i lang tid... Ssssssuuupeeeeer flott tur!!

Vil du vera med neste gong, eller? :0)

1 Comments:

  • At 10:19 p.m., Blogger Johanne Pauline said…

    eg vil være med neste gang, beate!! ;)
    så sporty dokkar e, då! imponerende... uff, no sitter eg her og prøver å innstille meg på skolestart og alt som snart skal ta til å begynne. *sukk...men eg gleder meg hvertfall til å treffe deg i løpet av høsten! da vette skoy!! ;)

     

Legg inn en kommentar

<< Home