My World.....

- Velkomen til eit innblikk i livet mitt-

17 april 2008

Kina og Mongolia turen

No er eg vel heima frå ein 12 dagars lang tur. Reisa gjekk til Kina og Beijing, Mongolia og Ulaanbatar. Ein flott og opplevelsesrik tur!!

Fyrste dagen i Kina var me skikkeleg turistar. Me besøkte "Den Forbudte By", "Sommarpallasset" osv... og me fekk vårt fyrste måltid som skulle etast med pinnar! Det var jo ein ganske stor utfordring for oss nordmenn:)men me fekk skikkeleg teken etttekvart altså!
Vidare utover veka hadde me mange turar på markedet. Silkemarkedet og new market, var dei mest populære! Så me fekk læra oss å pruta, og fekk ettekvart varene ganske så billig:) kjekt!



men det absolutte høgdepunktet i Kina, var å gå Den Kinesiske Mur. 4, 5 timar brukte me å gå den 14 km lange turen frå Jiingsangling til Simatai. og det fantastiske vèret gjorde ikkje den turen mindre bra. Me fekk oss mange gode (eller mindre gode) venner i løpet av turen, som enten skulle selgja ting til oss, bæra sekken for oss eller hjelpa oss ned ei bratt kneik. Ein opplevelse!










Elles var me på kinesisk konsert, akrobatikk og me fekk skreddarsydde klær:)
Siste kvelden i Beijing fekk me servert Peking And, som er nasjonalretten i Kina. Det var knallgodt!

~~~~~~~~ MONGOLA ~~~~~~~~~

Så kom lørdag, og me var klare for å fly igjen....og no gjekk turen vidare til Mongolia. Her skulle me tilbringa dei siste dagane.

Fyrste dagen var me så trøytte etter den døgnville f
lyturen, at det var ikkje så mykje me orka. Me var på ein liten sightseeing i byen, med guiden vår Micidma:) Her såg me tempel, buddastatue, var opp på ein høgde så me såg utover den fattige byen og me var innom "The Black Market".

Dei to neste dagane var prosjektdagar, og me skulle besøkte skulane og barnehagen som NLM drive der nede. Utruleg sterkt å sjå!! og alle dei nydelege ungane då!!:) Kjempekjekt å få vera med å ha opplegg for dei og gje dei noko;)

På ettermiddagen, etter den siste prosjektdagen var me klare for å reisa ut i ødemarko, og øvenatta i ger (husa til nomadefolka). Så gjestfrie folk altså! Dei lånte til og med vekk huset sitt og budde hos naboane:) Me fekk serevert ferskt sauekjøt (og sauen måtte slaktast for å få det måltidet). Natta var òg ganske innhaldsrik (for dei som ikkje fekk sova). Då var det berre å følgja med på fyrvoktaren så kom når det var slokna i ovnen, eller ta seg ein tur ut å sjå på den stjerneklare himmelen. Neste dagidde me på dei mongolske steppene. To fantastiske dagar- ein kjempe opplevelse!


Så var det tilbake til hotellet ei natt, for så å reisa vidare neste dag. Med den transsibirske jernbanen frå Ulaanbatar til Beijing-ein del av verdens lengste jernbane! I over 30 timar var me i toget, og det var ein utfordring for mange (spesielt dei dotrengande) for ved hjulskifte satt me innestengt i vogna i fleire timar. Men me overlevde......

så hadde me siste kvelden i Beijing, før me reiste heim til kjære Norge dagen etterpå:):)

TUSEN TAKK for ein konge tur!!

fleire bilder kjem på fotobloggen min, så det er berre å fylgja med der;)

1 Comments:

  • At 5:31 a.m., Anonymous Anonym said…

    Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

     

Legg inn en kommentar

<< Home