My World.....

- Velkomen til eit innblikk i livet mitt-

23 desember 2006

Julehelsing til alle mine kjære blogglesarar

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!»


med dette vil eg ynskja alle mine blogg-lesarar:

Ei velsigna go`jul og eit riktig godt nytt år!
Åsso må deko huska på kvifor med eigentleg feirar jul!
"En jul uten Jesus har liten verdi. Det blir som en pakke med ingenting i"

*Gode og varme juleklemmar frå Beate*

2 Comments:

  • At 2:03 a.m., Anonymous Anonym said…

    Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

     
  • At 1:57 p.m., Blogger Marianne said…

    Så sant, så sant!:) Go jul!:D

     

Legg inn en kommentar

<< Home